Seniorrådgjevar/rådgjevar
Mobilitet - og kollektivtransport, Vestland fylkeskommune
Avdeling for Mobilitet - og kollektivtransport (MOK) har det overordna ansvaret for å ivareta og utvikle eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke. Avdelinga har no ei ledig stilling som seniorrådgjevar / rådgjevar ved seksjon for transportplanlegging. Transportplanseksjonen ved avdeling for mobilitet og kollektivtransport søkjer no etter ein engasjert og fagleg sterk seniorrådgjevar/rådgjevar. Du vil vere med å forme kollektivtilbodet og transportutviklinga i Bergensområdet og Vestland, og du vil ha arbeidsoppgåver knytt til oppfølging og koordinering av fylkeskommunen sine interesser i Miljøløftet, planlegging av større og mindre kollektivinfrastruktur, og gjennomføring av regional plan for areal- og mobilitet. Planlegging og oppfølging av kollektivinfrastruktur, inkludert haldeplassar, knutepunkt, korridorar og tilrettelegging for buss og bane Følgje opp regional plan for areal og mobilitet med tilhøyrande handlingsprogram Kvalifikasjonar Høgare utdanning på masternivå innanfor samferdsel, arealplanlegging, byplanlegging, samfunnsgeografi, ingeniørfag (veg/trafikk) eller andre relevante fagområde God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk Erfaring med og god kunnskap om samferdsleområdet Erfaring med eller god kjennskap til bypakkar, byvekstavtalar og nullvekstmålet Erfaring med prosjektleiing eller koordinering av tverrfaglege grupper God skriftleg framstillingsevne på nynorsk Personlege eigenskapar Gode analytiske eigenskapar Har stor arbeidskapasitet og evne til å handtera fleire oppgåver samstundes Du må trivast med utadretta kontakt og må kunna kommunisera godt Vi søkjer etter deg som er målretta, og som både kan arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre Du evnar å sjå heilskaplege samanhengar mellom areal, transport og kollektivtilbod Eit spennande og utfordrande fagleg miljø innan eit stort og viktig samfunnsområde Fleksibel arbeidstidsordning med moglegheit for delvis heimekontor Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk. #J-18808-Ljbffr Mobilitet - og kollektivtransport, Vestland fylkeskommune
- Statsforvaltaren i Vestland søkjer ein dyktig medarbeidar til utdanningsområdet, med hovudoppgåva å arbeide med skulemiljø og rettleiing av skulemiljø, elevar og privatpersonar om regelverket. Vi krev høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, erfaring frå grunnskule...Suggested
- ...Bufetat, region vest, har vi ledig fast 100 % stilling som HR-rådgjevar. Stillinga er ledig umiddelbart. HR-seksjonen består for tida... ...nn fra kr 610 000 til kr 740 000) eller i stillingskode 1364 Seniorrådgjevar (med lønn fra kr 670 000 til kr 820 000). Stillingskode og lø...Suggested
Do you want to receive more vacancies?
Subscribe and receive similar vacancies to Seniorrådgjevar/rådgjevar. Be the first to apply!
